Regionalplan for Sogn 2025-2028 var hovudtema på møtet i Sogndal.

Sognatinget drøfta utkastet til regionalplanen i grupper etter ei innleiing frå Yngve Hallén. Gunn Beate Thorsnes Lefdal la fram endeleg forslag til regionalplan på vegne av redaksjonskomitéen, og etter nokre justeringar i plenum vart regionalplanen for dei neste fire åra vedteken.

Sognarådet sin visjon er Sogn - det gode liv. Målet er at Sogn skal vera ein attraktiv region med felles bu- og arbeidsmarknad tufta på samarbeid og tillit. For kvart av dei prioriterte områda - attraktivitet, mobilitet, omstilling og samarbeid - hadde komiteén mange innspel til konkrete tiltak til handlingsplanane.

Regionalplan for Sogn 2025-2028

Møtedokument