Det er femte gong regionrådet arrangerer entreprenørskapsmesse for ungdomsskuleelevane i Sogn. Gründer og fotograf Thomas Morel frå Feios var føredragshaldar. Elevane besøkte bedrifter i Vik for å lære næringslivet å kjenna og elevane frå 8. klasse fekk sjå kva elevane i 9. klasse har arbeidd med når dei stilte ut sine elevbedrifter.
Entreprenørskapsmessa er eit samarbeid med vertskommunen Vik, stiftinga Ungt Entreprenørskap og Sogn regionråd.